tirsdag 25. desember 2007

Merry Christmas

I wish you all, thousand of people who read this a merry Christmas. Remember that Jesus is born and given us the eternal life. Be glad and show your love to all people.


Ps. This post is the first one in english on my blog. As i like to think i have a international blog, and some of my many readers are englisk speakers. So this is for you guys.

onsdag 19. desember 2007

Bilder frå faroens rike.

Vårt første møte med ei pyramide

På kamel rundt Keospyramida og Sfinksen


Gode gamle Sfinksen

Samen med Ramses II

På Hard Rock Café


Utsikt utover Sinai


På toppen av Sinai fjellet der Gud talte med Moses



På toppen var det både eit Kapell og ein Moské.
Dette korset var på trappa opp til Moskéen.

Soloppgangen frå Sinai fjellet

mandag 17. desember 2007

Pyramider, kameler og ein nattur på fjellet

Torsdag morgen bra det av sted mot Egypt. Etter ei lang reise og mange lumske smygara over alt vi kom, så visste endeleg Kairo seg i dei seine natttimar torsdag.

Ei kort nattesøvn seinare, var vi fullgang på ein rundttur til pyramidene i Kairo. George som jobba på hostellet vårt, hadde skaffa oss ein taxi for heile dagen. Denne rundturen vart avslutta med kamelriding rundt Keos pyramida og Sfinksen. Ut på kvelden vart det middagscruise på Nilen. Det einaste positive ut av den, er at eg i ettertid kan sei at eg har våre på cruise nedover Nilen.

Neste dag var det på sightseeing i den koptiske\kristne delen av Kairo som stod på planen. Der var vi innom forsjellige kirker, blandt anna The Hanging church. Ei kirke som ikkje har noko fundament. Vi var og innom marknaden i kairo som er den elste i verden. Etter alt dette bar det til busstasjonen for å finne ein buss til Sinai. Der gjekk vi opp på Sinai fjellet der Moses fekk dei ti bud frå Gud. Vi gjekk opp om natta og fekk med oss soloppgangen. Når vi vi hadde klart å kome oss ned igjen derfrå var det på tide å kome seg heim igjen.

Eit råd frå Egypt. Alle som snakker til deg, vil ha penger frå deg.

onsdag 5. desember 2007

Ein annan kvardag.

Sola skinne, graset gror og det er under 20 dagar igjen til jul. Tida går fort når man har mykje å gjere, rart nok har den gått raskt for oss også. Har lært mykje av og være her. Om å leve i eit konfliktfylt område. Korleis den påvirka kvardagen til så monge menneske. Alt er annleis her enn i Norge. På mandag mens vi åt frokost høyrt vi nokon bilar kome kjørande ganske fort. Vi så ut vindauget og så at dei var dekorerte med palestinske flagg og Arafat skjerf. Eit minutt seinare høyrte vi ein høg lyd, igjen og igjen. Geværskot. Vi såg litt på kvarandre før vi forsatte og ete forkost. Vi bur i Palestina. Vi har vorte vant til det.

Sitte på livingstone no, det har vore eit møte av ein eller annan sort. Sjefen min stod jaffall fram og sa eit eller anna. På arabisk som vanleg. Forstod mykje av det ja.

mandag 26. november 2007

Framtida vil vise

Nett no i Annapolis holder representanta frå 40 forsjellige land, inkludert Abbas og Olmert, å snakke om fred i midtøsten. Fred her er ein draum for dei fleste. Men hvis du spør folk på gata så er det få så trur at det verte fred her med det første. Men håpe er der, det må være der ellers er alt ute. Dei fortener fred her, ein sjanse til å vokse opp i eit rettferdig samfunn.

onsdag 14. november 2007

Yassir Arafat

I morgon er ein nasjonal fridag her i Palestina. Grunnen er at det er Palestinas frigjoringsdag. Som ein palestiner som flott sa det, "it's a joke". Men feira verte det, med tog og korps. På tirsdag var det tre år sidan Palestinas store ledar Yassir Arafat døde, og det er vel mest det han dei feira i morgon og. Han er forsatt ein stor favoritt blandt mange palestinera, sjølv om det kom ut at han hadde overført millionar av dollar fra internasjonal bistand og fra skattepengar palestinske selvstyremyndigheter hadde mottatt fra Israel til å kjøpe store mengder våpen og hans eiga formue vart i 2002 regna til å være 1,3 milliardar dollar. Pengar som palestinerne godt kunne trengt. Men folk meinar forsatt at han gjorde så mykje bra for å bygge opp landet og han er eit nasjonalt symbol for landet, at han verte halden for ein stor helt, mest blandt fatah delen av Palestina. Hamas vennlige utgjer den delen av befolkninga som ikkje var så posetive til Arafat og hans ledarstil.

torsdag 8. november 2007

Skjera?

Skjer det noko ute i verda der. Føle at eg sitte her nede og går klipp av alt anna her i verda. Så klare eg å tenke så longt at, eg har internet. Ende opp med at eg finne ut at det ikkje har skjedd nåke, og at eg berre har vært her i 3 veke. Har lært eit nytt kortspill i dag då, eller trur at eg har lært det jaffall. Fekk jo ei fin forklaring på arabisk. Ellers så har det begynt å gå igjen i det vanlige her, lære nokon unga engelsk om dagen og sitte på Livingstone for å sosialisere meg med studenter om kvelden. Hard kvardag altså. Men vi snakkast ein anna gong, stikke å spela fussball no, må jo gjer litt arbeid og.

lørdag 3. november 2007

Bilete frå ein koseleg kvardag!

Olivenplukking i ein liten landsby ved Nablus.

Betlehems lokale falafelsjappe, og nokon lokale kids.



Ein Gedi, med utsikt over Dødehavet.



torsdag 1. november 2007

Sababa

Kofferten: Eg er lost i ein kultur der eg ikkje vert forstått eller forstår noko. Men det er egentlig ikkje eit så stort problem. Livet går framover, og eg forstår litt meir og litt mindre for kvar dag. Dei har god ost her i landet.


Opplevingar:
- Har plukka oliven.
- Har hatt dramakurs.
- Har ligget i dødehavet.
- Har møtt Max Mekker i egen person.
- Har våre på konsert med palestinske rappara.

Har lært at man må være fleksibel for det meste. Får du vite kva du skal gjer før du skal gjer det er du heldig. Livet er digg, og det er Palestina også.

mandag 22. oktober 2007

Salam

Kofferten: Begynne å kome over turistfasen. Vi har levd litt som turister sidan vi kom her. Har fått sett og opplevd mykje spennande. Truffet monge hyggelige folk. Har det bra rett og slett

Opplevingar: - Har fått guida tur gjennom Jerusalem med George, han jobbar for PBS. Han fortalde om byen gjennom eit bibelsk perspektiv. Veldig spennade.
- Vi har fått smakt sikkeleg lokal mat. Det er utruleg godt.
- Vi har våre med ein karismatisk arabisk Gudsteneste. Det var noko nytt.
- Vi har møtt dei annsatte i PBS, og fått våre med på staff-møte. Det vart snakka ein del om Rami, og dei andre på Gaza. Det gav eit sterkt inntrykk.
- Vi har fått smakt den ferskaste filterkaffien du kan få. Den trakta mens du sitte og drikk den. Moro.


Bønneemner: - Be gjerne forsatt for temaet vårt. At vi må få møte utfordiringa, og at vi må tørre og ta dei.
- Be for dei resterande av Gaza-teamet. Dei kjem ikkje ut av Gaza, fordi Israelske myndigheter nekter dei å kome inn i Israel. Dei er forsatt forfulgt, og ein var forsaøkt kidnappa på fredag, men kom seg unna. Dei treng Guds styrke for å kome seg gjennom denne tida dei har framfor seg.

Gud velsgine dykk alle.

Salam

lørdag 20. oktober 2007

Og eventyret har starta!

Då var vi endelig komen fram til Israel. Den første veka no skal vi bu i Jerusalem, hos eit hyggelig misjonerpar frå Israelmisjonen. Vi har alt fått høyre nokon av planane framover og det høyres spennande ut. Seinare i dag skal vi på sightseeing i Jerusalem, før vi skal ete middag med Karin og George

Nokon nye innføringar her på bloggen:

Kofferten: Glad for å være framme i Israel, har venta lenge på dette. Begynt å gå opp for meg kor lenge vi faktisk skal være her. Alt til no, berre posetivt. Har de altså ganske bra.

Opplevingar: - Har hatt ein long flytur (alle andre team har lenger men)
- Møtte ei trivleg gamal dame på flyet.
- Kom gjennom sikkerhetskontrollen i Israel uten å sei eit ord.

Forventingar: - Mange

Bønneemner: - Teamet vårt her i Israel.
- Alle andre teamane som har eller skal reise ut.
- Familien til Rami som forsatt har det tungt.

Gud velsigne deg!

mandag 15. oktober 2007

mandag 8. oktober 2007

onsdag 26. september 2007

Bibelord

Dagens bibelord (26.09.2007):
6 Vi vet at vårt gamle menneske ble korsfestet med ham, for at den kroppen som er underlagt synden, skulle gjøres til intet, og vi ikke lenger skulle være slaver under synden. 7 For den som er død, er befridd fra synden. 8 Er vi døde med Kristus, tror vi at vi også skal leve med ham. 9 Vi vet jo at når Kristus er oppreist fra de døde, så dør han ikke mer; døden har ikke lenger makt over ham. 10 For døden han døde, den døde han for synden, én gang for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. 11 På samme måte skal dere regne dere som døde for synden, men som levende for Gud i Kristus Jesus.

Rom 6,6–11

Kristne er blitt "ett" med kristus ved å dele hans død og oppstandelse. Dåpen, å gå ned i vannet, innebærer at det gamle livet er dødt og begravet. Vi kommer opp av vannet for å begynne et nytt liv. Tidligere var vi døde for Gud, nå lever vi for Gud. Syndens jerngrep er brutt. Vi må leve med denne nye friheten for øye (V. 10-11)
(Uttrag frå Biblex)

mandag 17. september 2007

Å gjøre søppeljobben for Gud

Las på vårt Land si nettside i dag om om Petar Keseljevic. Han møtte opp på homoparaden i Porsgrunn med banner der det stod at homoseksuelle kjem til Helvete, og han hadde med seg ein ropert så han ropte ut bibelvers og advarsler.

Utrag frå artikkelen:

– Du var utstyrt med ropert og en fane som forkynte at de homofile går til helvete under homoparaden. Hvorfor har du en såpass konfronterende og, i manges øyne, provoserende fremgangsmåte?

– Det er fordi jeg ønsker å kalle ting med det rette navnet. Ingen tør lenger å kalle noe for synd. Alt er så politisk korrekt, sier Keseljevic, som sier han ikke representerer noe kirkesamfunn og ikke er medlem av noe menighet.

– Hvorfor reiser du rundt på denne måten?

– Jeg opplever det som en kall og en byrde. Jeg tar søppeljobben og gjør det som er mest upopulært. Det er noen kampsoner hvor man må holde barrikadene, men det er ikke noe jeg gjør med lett hjerte. Det er en plikt som Herren har lagt på meg. Men hvor er resten av kristenfolket, spør han.

Og kvar er resten av kristenfolket. Sitte heime og fordømme Petar, fordi han stiller kristne i eit dårleg lys. Eller sitter dei å sei at det er bra at nokon står fram mot dette, men det må være nokon andre enn meg sjølv. Ville du ha gått ut og sagt til dei at dei leve eit liv i synd, og kjem til å mista Guds rike hvis dei ikkje forandrar seg? Eller meinar du at nokon andre skal gjer søppeljobben?

torsdag 13. september 2007

Ein reise til framtida!

Fram til år 5768 faktisk. Som er året dei nett gjekk inn i når dei feira nyttår i Israel på onsdag. Trur nok at framtida er kanskje lik vår eigen tid, så det verte nok ingen flygeande byar som man ser på bilete her.

tirsdag 4. september 2007

Hogg og Svett

Dette er problemet:
- 8 gutar, 30 jentar, lite maskulintet.
- Mykje energi, lite og bruke den på.
- Monge tre som gjerne skulle forsvinne.

Dette vart løysninga:
Lite å gjer på, aldri eit problem. Det finst alltid noko som kan gjerast. Her er John-Petter i full gang. Må berre sei at vi har no på 3 dagar, tatt ned 20 tre.






Til høgre, ser vi Fredrik og Jan i full gang med "parteringa" av trea.


mandag 3. september 2007

Israelsfolket

Dette er då gjengen som skal til Israel og Palestina den 19.okt. Jan, Geir, Meg sjølv, Mary og Marta. Ein bra gjeng som eg sikkert kan sei litt meir om i byrijnga av mars. Då har vi vært i Israel og Palestina saman i 5 månadar, og lært kvarandre kjenne på både godt og vondt. Vi har starta team-buildinga allereie, og bilete over (som er tatt av Marta Sortland), er frå vår overnattningstur opp ved Høversjøen. Vil du vite meir om turen eller sjå fleire bilete .

fredag 31. august 2007

Israel/Palestina

No trur du vel at dette er eit politisk innlegg med drøftingar og alt mogleg rot. Då kjenne ikkje du meg så godt. Eg ville berre skriva litt om landa eg skal til om under to månada. Eg skal då til Israel og Palestina. Vi har ikkje fått vite så mykje om kva vi skal gjera der, men vi skal bu enten i Tel Aviv(Israel) eller i Bir Zeit(Palestina).

På bilete ser du Tel Aviv, som ligg ved vestkysten til Middelhavet. Byen har 380 000 innbyggjara, av desse 96,1 % jødar, mens 3,9 er arabara. Med subområdane er Tel Aviv det området i verden med flest jødar, 2,5 mill, New York har 1,4 mill.


Bir Zeit ligger rett utanfor Ramallah. Bir Zeit betyr "olivenoljebrønnen". Det er ein studentby, med 6600 innbyggjara. På bilete over ser du eit bakeri frå Bir Zeit.

I ein av disse byane skal eg då bu i 5 månada. Det verte ei spennande tid, som ligg i Guds hender.

For meir info om Israel.

For meir info om Palestina.

Bilete frå Israel.

"Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn." Sal.37,5

lørdag 25. august 2007

Dag 6

Vår siste skuledag den første veka på gus. I dag hadde vi om andakt. Visste dykk at andakt kjem frå det tyske ordet antenken, som betyr ettertanke. Etter ei veke her, trur ejg at eg kan sei med sikkerheit at eg har tatt det rette valget, med å begynne her. Eg lærar å kjenne meg sjølv på ein my måte, og eg lærar å kjenne mitt forhold til Gud på ein ny måte. Ei flotte veke her, er slutt, men det er forsatt mykje igjen, og eg har forsatt mykje å lære.

torsdag 23. august 2007

Dag 5

I dag hadde vi vår første team-samling. Kjem til å verte godt kjente me teamet til slutt. I teamet mitt er Jan frå Nord-møre, Geir frå sørlandet, Marta frå Framnes og Mary frå Sørlandet. Virka som ein god gjeng så skal verte kjekt å verte kjent med. Kjenner Marta litt frå før av, men verte nok kjent på ein anna måte her, så det verte kjekt. I kveld skal vi ha ein fellessamling, så vi kan verte betre kjent.Vi skal ned på stranda å grille, bade og "koza" oss.

Hei og hå

Dag 4

Enda ein dag på Gus er over. I dag hadde vi vår fyrste undervisningstime, vi hadde om livshistorie. Var litt godt kome i gang med nokoanna ein info. Ellers ein roleg skoledag. Etter middag var det volleyball, vorte ein del volleyballspeling er, og det er glad for.Herleg å kjenne at du har brukt kroppen. Så klokka 7 var det landskamp. Vi hadde tenkt å køyre inn til Oslo for å sjå kampen live, mendet vart det ingenting av. Så vi samla oss ein stor gjeng og såg kampen på "hytta" vår. Vi har ingen stor tv, men ein god sofa. Etterkampen var det kveldsmat, med nystekta scones, vi var tomme for brød, og eggerøre. Ein ny dag er over, og ein ny dag er på vei.

Hei og hå

Dag 3

Dag 3 på Gus, og dagane har begynt å gå. Starta dagen med ein fellesfrokost for "hytta" vår. I skolen i dag gjekk vi gjennommeir info, og meir info, fram til lunsj. Etter lunsj spelte vi kulturkortspel(reglerer ikkje lov å fortelle). Så det gjekk resten avskuledagen med til. Til middag i dag fekk vi kjøttkakar i brunsos. Og det må eg berre sei at maten er på Gus har våre meget bra. Betre enn internat mat eg er vandt med. Etter middag skulle vi ta bilete av heile skulen, både stk, mk og voulentørar. Så var det eilita bli kjend samling med leik på A3(området utandfor hovudinngangen på skolen). Seinare på dagen spelte vi fotball og volleyball. Enda ein flott dag på Gus er til ende.

Hei og hå

mandag 20. august 2007

Dag 2

Dag 2 har netopp starta. Eg sto opp, overraskande ikkje så veldig trøytt, klokka 8. I dag er første skoledag. Det verte litt rart å være tilbake på skulebenken igjen. No venta eg på at nokon andre på internatet kan lage til frokosten.

Min førsteskoledag på over eit år er over. Det var ein grei dag, som starta med info og andakt for heile skolen, ei slags morgensamling,som varte litt lengre enn dei gjorde på framnes. Etter på laga vi eit collage(klipp og lim-bilete) om oss sjølve, og framførte det. Såhadde vi ein gymtime til slutt. Eg var ikkje med på den for eg skulle til butikken og handle inn mat for "hytta" vår. Om nemnt før skalvi lage frokost, lunsj og kveldsmat sjølv. Og i helgane, skal vi lage all mat. Eg kom tilbake når siste time var slutt. Etter siste time er det middag med ein gang(klokka er då 3). No sitt eg på dataen og skriv dette, så meir info om mitt liv kjem eg tilbake til seinare.

Hei og hå

Dag 1 på Gus!!!

Første dag på Gus(Gå ut senteret)!!! Spenninga står i taket. Første elev eg treff på, er Marta frå Framnes. Ho fortel at Helga og Elisabeth Fossli, også frå framnes, går her også. Då kjenner eg hvis nokon her likevel. Eg treff min nye romkamerat for dei neste månadane. John-Petter, ein nordlening frå Sortland. Etter kvart som eg vert litt kjend med han viser han seg til å være ein ganske hyggeleg fyr. Dag ein på Gusstartar med middag, den gode gamla internatmaten er tilbake. Etter det er det opningsfest. Der vert lærarar og elvar indroduserte. Det er 38 elevar i STK klassen(mi klasse), derav 8 gutar, og 30 jentar. Etter kvart som dagen går, for eg helst og snakka med monge frå klassen, det viser seg at det er greide folk som går på denne skulen. Etter ein veldig kort omvisning, og litt kaffimat, spelte vi volleyball. Nivået var ganske bra, men heldigvis ikkje for høgt. Etter volleyballen, samlet mitt internat seg, for kveldsmat. Vi fårbare middag på skulen, resten må vi stå for sjølve. Det bor 12 stykker på "hytta" vår, internatet. Derav 4 gutar i kjelleren og 8 jenter, i første og andre etasje. Etter kveldsmaten, tok vi et husmøte, der vi bestemte diverse ting. Etter husmøte spelte eg kort at med nokonandre.

Det var min første dag på Gus, og eg må seia at første inntrykket er ganske bra. Eg håpar på eit fint år, med mange fine oppplevningar.

Hei og hå

mandag 16. april 2007

Skjebna

Er det noko du trur på? At alt så skjer i livet ditt har ei meining, eller er alt berre tilfeldig. Ei lita historie fekk meg til å tenke litt på det.

Ein sjømann var så uheldig at han skulle på skift når sonen skulle konformerast. Men rederiet var så velvillige at han kunne få ta skiftet sitt ombord i ein annan båt, slik at skiftet hans vart ferdig til konformasjonen til sonen. Konformasjonen nærmet seg, og mannen hadde berre ei veke igjen av skiftet sitt. Men så, under ei arbeidsulykke ombord i båten så døde mannen. Var det tilfeldig at han vart med på den båten, slik at han kom ut for denne ulykka. Eller var rett å slett hans tid inne.

Eg er ikkje så sikker på kva eg skal tru om det. Men eg veit at livet er no, og at eg må leve i nuet. For du veit aldri når det kan ta slutt. Eg vil ikkje at du skal gå rundt å tenke på at det kan være slutt no, men utsett ikkje til i morgen det du kan gjer i dag. Einaste oppfordringa eg har, er å lev livet, og gjer det beste ut av det. Gud er med deg alle dager.

tirsdag 3. april 2007

Bloggtikken

Regler:"Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon" (kopi frå Bjørnar)

Seks rare ting om meg sjølv, jeje.

1. Når eg gjekk på barneskulen var eg ganske vilder av meg. Eg og ein kompis klarte å vrake ein bil, nåkre småhytter og vi braut oss inn på barneskulen, for å nemne noko. Englebarnet som eg var, fekk eg aldri skulda for noko ;-)

2. Fotball har alltid våre ein lidenskap. Før eg begynte på skule kunne eg startelleveren til united på rams.

3. Eg har hatt utallige monge forskjellige hårsveiser opp gjennom tidene, mens verst var det på slutten av barneskulen når eg hadde midtskil av verste verste sort. Eg prøva forsatt å fortrenge det.

4. Med to eldre brødre, var det ikkje ein gutt til mamma håpa på når eg vart født. Det førte til at eg var tre og eit halvt år første gang eg klipte håret.

5. Har ein meget sterk lidenskap for reising, å då helst til sydlegare strøk. Første gang, utanfor skandinavia, var når eg var 13 år, og etter det har det blitt 10 forskjellige land, med fleire besøk i same land.

6. Min favoritt film, som kjent for monge, er Titanic. Og ja eg kan felle ei tåre når eg ser den.

Jeje, då har du kansje lært noko nytt om meg, for lese du dette har du faktisk gidda å lest det som står ovenfor her. Og sida alle he vårte "tikka" no så bryt eg reglane med å ikkje "gi" den vidare.

lørdag 13. januar 2007

Et nytt år er komet.

Så har vi komet inn i det herrens år 2007. 2006 er over og i ei enkel oppsummering kan det nemnast at det starta fantastisk, slutta dritt. Eit bortkasta halvt år i livet mitt så eg aldri får tilbake er over. No skal eg begynne å gjere det eg kan best igjen, chille og slække ;-) Men eg har ikkje tid til å sitte å skrive her i fleire minutter så det for være nok for i dag, kjem tilbake om eit havlt år når det har skjedd noko i livet mitt.

Vi snakkast folkens.