onsdag 30. juli 2008

Tropiske Noreg


I ei god stund no har sola strålet over oss ein varme, ukjent for den gjennomsnittlege nordmann. Også ut av det blå, bokstavleg sakt, så skulle alle himlens sluser åpne seg på ein gang. Ikkje i mine levedagar har eg opplevd at så mykje vatn kan kome ovenfrå på ein gang. Det har vorte fortalt om dei tropiske regnbygane på stader langt borte frå her. Der alle vatndråper spurtar om kapp for å nå bakken fyrst. I noreg derimot har det vore langdistanse løparane vi er mest kjent for. Dei som held ut gjennom ein heil haust, ein heil vinter, ein heil vår og ein heil sommar. Er det dette forskarane atvarar oss om. Er det desse klimaforandringane som skal øydeleggje jorda til slutt.

torsdag 17. juli 2008

Eit kyss farvel!


Midtausten gjer seg klar til ein ny krig. Ein stor krig. Både Israel og Iran har lovet å utslette kvarandre.

Israel vert oppfordra frå leiaren i Dagen til å gå til krig mens dei har sjansen. Før Iran verte for sterk. Før USA får ein president
som er mindre krigslysten enn vår kjære Bush.

Mange soldatar har kysset sine kjære farvel. For nokon vil det vere det siste kysset. I dag kom det heim 201 kister frå førre krig. 201 som hadde gitt det siste kysset til sine kjære.

Eg ber om at denne krigen ikkje må finne stad. At ei anna løysning må vere mogleg. At desse soldatane kan få kome heim til sine kjære.

tirsdag 8. juli 2008

Sitat

- Det djupaste eg veit om meg sjølv, er at eg er eit menneske elska av Gud.

Thomas Merton