fredag 27. juni 2008

EM 2008


Ei kjensle du ikkje kan samanlikna med noko anna. 300 millionar menneskar ser på deg. Du løftar trofet som bevisar at du er europameistar. Det er 44 år sidan sist gong Spania løfta eit internasjonalt trofe. Etter eit meisterskap der dei var det beste laget, står dei att som vinnaren. Eit meisterskap som gitt oss underholdande og ikkje minst rettvendt angrepsfotball. Eit meisterskap som har våre eit stort pluss for fotballen. Så for vi håpe at det kan verte tatt vidare inn i den nye sensongen, så den kan gi oss underholdning vidare, mens vi ventar i spenning til VM i Sør-Afrika om 2 år.


Årets EM-lag utretta frå mitt synspunkt:

Dette laget verte spelande i ein offansiv 4-1-3-2 formasjon. Ballen skal gå ein veg, framover, i eit hurtig tempo. Angrep skal vera einaste forsvar.

Målmann: Iker Casillas - Spania og Real Madrid

Ein av grunnane til at Spania vant. Har heldt eit høgt nivå gjennom heile mesterskapet, og særskilt gjennom finalespelet der han slapp inn ingen mål.


Høgre bakmann: Jose Bosingwa - Portugal og Chelsea

Ein plass med fleire aktuelle kanditatar der Josa stakk av med plassen for framringande angrepspel i byrjinga av meisterskapet. Rauk diverre så alt for tideleg ut.


Midtstoppar: Pepe - Portugal og Real Madrid

Ein midtstoppar som heldt høg klasse under gruppespelet. Ein av dei beste midtstopparane i verda. Nivået hans, som resten av det portugisiske forsvaret, var labert mot Tysland.


Midtstoppar: Josip Simunic - Kroatia og Hertha Berlin

Spelte meget bra på eit lag som fortente å gå lengre enn det dei gjorde.


Venstre bakmann: Joan Capdevilla - Spania og Villareal

Den vanskelegast plassen å finne ut av. Tre spelarar har utmerket seg så godt at valet vart meget vanskeleg. Men sidan Spania vant EM, så falt valet på Joan som har gjennomført eit meget imponerande EM. Dei to andre kanditatane var Zhirkov og Van Bronckhorst.


Anker og EM beste spelar: Marcus Senna - Spania og Villareal

At Marcus aldri fekk spela for Brasil, forstår eg ikkje. Hovudgrunnen til at Spania har vunnet. Aldri ei feil passning, og ein defansiv trykkleik.


Høgre midtbane: Luka Modric - Kroatia og Tottenham

Ein av EMs beste spelarar. Umogeleg å ta frå han ballen. Fant alltid den rette pasninga. Ein draum å sjå på.


Sentral midtbane: Deco - Portugal og Barcelona

Ingen leggjar ei 60-meters pasning meir presist enn Deco. Å sjå han spela gjer det enkelt for meg å forstå kvifor eg forelska meg i denne sporten for så mange år sidan.


Venstre midtbane: Wesley Sneijder - Nederland og Real Madrid

Og berre for å gjer denne midtbana perfekt setter vi inn Wesley på venstrekanten. Mot Italia og Frankrike har eg nesten ikkje sett nokon spela så bra som Wesley. Han klarte diverre ikkje å halda det same nivået i kvartfinala mot Russland.


Spiss: Andrei Arshavin - Russland og Zenit St. Petersburg

Heldt eit anna nivå enn alle andre i sine to fyrste kampar mot Sverige og Nederland. Fekk ikkje til så mykje mot Spania, men eit godkjent mesterskap utan tvil. Det namnet som kjem til å vera på alle sine leppar i sommar.


Spiss: Lukas Podolski - Tyskland og Bayern Munchen

Ein av dei som har spelt bra på eit lag som aldri skulle vert i finala. Har imponert her i EM etter ein sørgjeleg sesong for Bayern.


Trenar: Slaven Bilic - Kroatia

Tidenes råaste trenar. I tilegg har han imponertande resultatar med Kroatia.



Benkslitarar:


Ginluigi Buffon - Italia og Juventus

Yuri Zhirkov - Russland og CSKA Moskva

Carlos Marchena - Spania og Valencia

Orlando Engelaar - Nederland og FC Twente

Rafel Van Der Vaart - Nederland og HSV

David Silva - Spania og Valencia

Roman Pavlyuchenko - Russland og Spartak Moskva


torsdag 26. juni 2008

Tenkte eg skulle vera litt patriotisk og visa fram litt av Bøe, min heimstad. Det startar her med eit bilete, så kjem det kanskje meir ved ein seinare høve.

torsdag 19. juni 2008

The rockboy

Her kjeme faktisk mitt fyrste innlegg som omhandlar fotball. Det innlegget vil eg gjeve til ære for den nye genrasjons fotballtrenarar.


Slaven Billic

På fritida spelar han i eit eit rockeband. Han er skilt og har ein 11 år gammel son. Ein heilt gjennomsnittleg mann. Hans fyrste trenar jobb er som landslagstrenar for Kroatia. Dei har han ført til toppen av europeisk fotball. På sine fyrste 23 kampar har han 17 seiarar, 4 uavjort og 2 tap. På sin glanstid som spelar, var han stopparkjempe på Everton. Det var på den tida man som stoppar i England berre trengte storleik og styrke.

mandag 16. juni 2008

- Gud elsker oss ikke fordi vi er verdifulle. Vi er verdifulle fordi Gud elsker oss.

Fulton John Sheen

mandag 9. juni 2008

- Det torde hända att livets enda mening är det att leva - och sedan dö.

Hjalmar Söderberg

torsdag 5. juni 2008

Sommaren

Eg kjenne sola varma opp. At stemninga vert litt lystigare. Folk vert rett og slett litt glade. Kanskje global oppvarming er ein bra ting. Som ein lykkepille fordelt utover folket. Vi for nyte det mens vi kan.