lørdag 20. desember 2008

lørdag 13. desember 2008

Fellesskap

Eg lå i senga utan å få sove. Då byrja tankane å vandre av stad. Både til gode og dårlige minner. Ein stad på vandringa stoppa eg opp. Der traff eg på alle dei gode fellesskapa eg hadde fått våre ein del av. Gode kjensler varma opp inni meg. Det forundra meg litt at dei ikkje kom med eit sakn, men med eit håp.

I sommar las eg ei bok av Edin Løvås. Den hadde tittelen "Himmelen". Himmelen er noko som alltid har forundra meg. Tankane mine vandra rundt fellesskap og himmelen samtidtig. Eg har vert heldig, og er det forsatt. Fått vert ein del av eit fellesskap, der du er omringa av kjærleik. Har eg endeleg funnet mitt svar om himmelen. Eg kan vel aldri forstå himmelen heilt, før eg får oppleve den. Men det er godt å leve i håpet.

søndag 7. desember 2008

Den absolutte normalitet!

Nokon fekk den tanken at vi i Svaneviksveien 78 (snart Mindeveien 85), kan vera litt sære. Berre for å få det klart, så har vi kommet fram til at vi er: "Den absolutte normalitet!"

torsdag 4. desember 2008

Å tilgi

- Jeg tilgir terroristene

Overskrifta møtte meg på aftenposten sine nettsider. Artikkelen handler om ei dame som mista både sin mann og datter i bombeangrepene i Mumbai.

- Vi må sende dem vår kjærlighet, tilgivelse og medfølelse. Som Jesus Kristus sa for lenge siden: De vet ikke hva de gjør.

Det er jo heilt fantastisk. Å møtte menneske i dag med ein slik overbevisning.

- De er i uvitenhet, og de er fullstendig innhyllet og omtåket av frykt, og vi må vise at kjærlighet er mulig, og at kjærlighet overvinner frykt. Så det er mitt valg, sa hun.

Nåden er stor. Pris Herren.

tirsdag 2. desember 2008

Apple

- Do you think you're cool because you buy a 500 dollar phone with a picture of a fruit on it!
Bart Simpson

tirsdag 4. november 2008

Den neste President i USA

I dag går folket i USA til urnene. Valet står mellom Barack Obama eller John McCain.

- Den eine er ein afroamerikaner, den andre er ein krigsfange frå Vietnam.
- Den eine er ein av dei yngste, den andre er den elste.
- For begge er sannsynet stort at dei kan dø.

Dette har ingenting å sei for kven man veljer.

Unnsett kven som vert valt, vil det verte ei forandring for det styre som leiar no. Så stor forandring det kan verte med ein ny president.

Eg må sei for min eigen del så er dette eit ganske greitt val, for eg kan godt sjå for meg begge to som president. Trur det går mot beire tider der borte over havet.

tirsdag 14. oktober 2008

Noa's sju lover

1. Plikten til å opprette et rettssystem.
2. Forbod mot blasfemi og å vitne falskt.

3. Forbod mot avgudsdyrking.
4. Forbod for incest og andre seksuelle brotsverk.
5. Forbod mot å ta liv.

6. Forbod mot tjuveri.

7. Forbod mot å ete kjøt skåret frå levande dyr.


Følgjer du desse sju lovane så vil du i følgje jødedomen endå opp i himmelen.

søndag 12. oktober 2008

Yom Kippur














Den jødiske forsoningsdagen. På kippur skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for synda, får ein tilgjeving. På høgtidsdagen faster man og alle jødar over 13 år er pålagde å faste. Ingen mat og drikke frå solnedgang, dagen før til det er mørkt på sjølve dagen. Dagen går i bønn og ei messe i synagogen.

På bilete du ein Jøde som svinger ein kylling over hoda til to gutter. Det vert gjort som innledning til Yom Kippur

onsdag 1. oktober 2008

Dei ti Bod

For bloggarar.

Liknar litt på dei gode gamle boda. Kontekstualisert inn i vår dataverd. Er dette ein skjult agenda for å få dei ti bod på dagsorden att. Bra jobba.

1. Du skal ikkje setja bloggen over din integritet.
2. Du skal ikkje gjere bloggen til eit idol.
3. Du skal ikkje misbruke ditt alias ved å bruke din anonymitet til å synde.
4. Du skal huske sabbatsdagen ved å ta fri frå bloggen ein dag i veka.
5. Vis høgare vørdnad for dine bloggkollegarar enn for deg sjølv og blås ikkje opp deiras feil.
6. Du skal ikkje drepe nokons ære, rykte eller kjensler.
7. Du skal ikkje bruke nettet til å begå eller tillate ekteskapsbrudd i din fantasi.
8. Du skal ikkje stjela ein anna persons innhold.
9. Du skal ikkje lyge om dine bloggvennar.
10. Du skal ikkje visa lyst etter din nestes besøksstatistikk; vær fornøyd med ditt eige innhold.

PS. Desse boda er utvikla av Den Evangeliske Allianse i Storbritannia


tirsdag 23. september 2008

Ny lære

"SEX er en viktig del av livet for de aller fleste. Seksuell kontakt med et annet menneske gir gode opplevelser enten vedkommende er av motsatt kjønn eller ikke. Både hetrofile og homofile mennesker har sex med hverandrefor å nyte kjærligheten til et annet menneske. Undersøkelser viser at veldig mange gutter i løpet av livet har sex med en annen gutt og at jenter ofte har sex med jenter" ... "Har du noen gang lurt på hvordan lesbiske jenter har sex? Ta en vanlig samleiescene i en romantisk film, trekk frå en pe*** og legg til et sett pu***."

Frå brosjyre produsert av LLH Buskerud, betalt med skattepengar via Barne- og Likestillingsdepartementet.

Dette er den nye sekuallundervisninga i dei norske skulane.

onsdag 17. september 2008

lørdag 30. august 2008

Hvil eder litt!

Neida, bloggen var ikkje død. Det var heller ikkje forfattaren. Her kjem ein andakt eg leste for nokon dager sidan, det var så bra skreve at eg ville vidareformidle den her. Enjoy!

Advarsel: Denne andakta vert ikkje skreve på nynorsk.

Kast derfor ikke bort eders frinodighet, som har stor lønn. Hebr. 10, 35

En kan bevisst kaste noe fra seg, fordi en ikke lengre vil ha det. Men slik er det ikke ofte vi mister vår frimodighet. Den mister vi oftest derved at vi simpelthen ikke tar vare på den; vi somler den bort. Vi tenker ikke engang på frimodigheten, før den er borte. Og idet frimodigheten forsvinner, kommer mismot og menneskefrykt isteden. Og ens liv går hen til ingen nytte. Derfor gjelder det å ta vare på frimodigheten. La den ikke ligge ubrukt, for da glemmer du den og mister den. Jo mer du bruker den frimodigheten du har, jo betre tar du vare på den; og mens du bruker den, vokser den. Frimodighet føder frimodighet. Men gir du plass for menneskefrykt, vil herren selv gjøre deg redd. For frykt føder ny frykt. Har du mistet din frimodighet, så finn den igjen. Den er i kristus. For: Han er vår frimodighet! Og ta så vare på den og brukden. For den har stor lønn

Henta frå Fredrik Wisløffs andaktsbok "Hvil eder litt"

onsdag 30. juli 2008

Tropiske Noreg


I ei god stund no har sola strålet over oss ein varme, ukjent for den gjennomsnittlege nordmann. Også ut av det blå, bokstavleg sakt, så skulle alle himlens sluser åpne seg på ein gang. Ikkje i mine levedagar har eg opplevd at så mykje vatn kan kome ovenfrå på ein gang. Det har vorte fortalt om dei tropiske regnbygane på stader langt borte frå her. Der alle vatndråper spurtar om kapp for å nå bakken fyrst. I noreg derimot har det vore langdistanse løparane vi er mest kjent for. Dei som held ut gjennom ein heil haust, ein heil vinter, ein heil vår og ein heil sommar. Er det dette forskarane atvarar oss om. Er det desse klimaforandringane som skal øydeleggje jorda til slutt.

torsdag 17. juli 2008

Eit kyss farvel!


Midtausten gjer seg klar til ein ny krig. Ein stor krig. Både Israel og Iran har lovet å utslette kvarandre.

Israel vert oppfordra frå leiaren i Dagen til å gå til krig mens dei har sjansen. Før Iran verte for sterk. Før USA får ein president
som er mindre krigslysten enn vår kjære Bush.

Mange soldatar har kysset sine kjære farvel. For nokon vil det vere det siste kysset. I dag kom det heim 201 kister frå førre krig. 201 som hadde gitt det siste kysset til sine kjære.

Eg ber om at denne krigen ikkje må finne stad. At ei anna løysning må vere mogleg. At desse soldatane kan få kome heim til sine kjære.

tirsdag 8. juli 2008

Sitat

- Det djupaste eg veit om meg sjølv, er at eg er eit menneske elska av Gud.

Thomas Merton

fredag 27. juni 2008

EM 2008


Ei kjensle du ikkje kan samanlikna med noko anna. 300 millionar menneskar ser på deg. Du løftar trofet som bevisar at du er europameistar. Det er 44 år sidan sist gong Spania løfta eit internasjonalt trofe. Etter eit meisterskap der dei var det beste laget, står dei att som vinnaren. Eit meisterskap som gitt oss underholdande og ikkje minst rettvendt angrepsfotball. Eit meisterskap som har våre eit stort pluss for fotballen. Så for vi håpe at det kan verte tatt vidare inn i den nye sensongen, så den kan gi oss underholdning vidare, mens vi ventar i spenning til VM i Sør-Afrika om 2 år.


Årets EM-lag utretta frå mitt synspunkt:

Dette laget verte spelande i ein offansiv 4-1-3-2 formasjon. Ballen skal gå ein veg, framover, i eit hurtig tempo. Angrep skal vera einaste forsvar.

Målmann: Iker Casillas - Spania og Real Madrid

Ein av grunnane til at Spania vant. Har heldt eit høgt nivå gjennom heile mesterskapet, og særskilt gjennom finalespelet der han slapp inn ingen mål.


Høgre bakmann: Jose Bosingwa - Portugal og Chelsea

Ein plass med fleire aktuelle kanditatar der Josa stakk av med plassen for framringande angrepspel i byrjinga av meisterskapet. Rauk diverre så alt for tideleg ut.


Midtstoppar: Pepe - Portugal og Real Madrid

Ein midtstoppar som heldt høg klasse under gruppespelet. Ein av dei beste midtstopparane i verda. Nivået hans, som resten av det portugisiske forsvaret, var labert mot Tysland.


Midtstoppar: Josip Simunic - Kroatia og Hertha Berlin

Spelte meget bra på eit lag som fortente å gå lengre enn det dei gjorde.


Venstre bakmann: Joan Capdevilla - Spania og Villareal

Den vanskelegast plassen å finne ut av. Tre spelarar har utmerket seg så godt at valet vart meget vanskeleg. Men sidan Spania vant EM, så falt valet på Joan som har gjennomført eit meget imponerande EM. Dei to andre kanditatane var Zhirkov og Van Bronckhorst.


Anker og EM beste spelar: Marcus Senna - Spania og Villareal

At Marcus aldri fekk spela for Brasil, forstår eg ikkje. Hovudgrunnen til at Spania har vunnet. Aldri ei feil passning, og ein defansiv trykkleik.


Høgre midtbane: Luka Modric - Kroatia og Tottenham

Ein av EMs beste spelarar. Umogeleg å ta frå han ballen. Fant alltid den rette pasninga. Ein draum å sjå på.


Sentral midtbane: Deco - Portugal og Barcelona

Ingen leggjar ei 60-meters pasning meir presist enn Deco. Å sjå han spela gjer det enkelt for meg å forstå kvifor eg forelska meg i denne sporten for så mange år sidan.


Venstre midtbane: Wesley Sneijder - Nederland og Real Madrid

Og berre for å gjer denne midtbana perfekt setter vi inn Wesley på venstrekanten. Mot Italia og Frankrike har eg nesten ikkje sett nokon spela så bra som Wesley. Han klarte diverre ikkje å halda det same nivået i kvartfinala mot Russland.


Spiss: Andrei Arshavin - Russland og Zenit St. Petersburg

Heldt eit anna nivå enn alle andre i sine to fyrste kampar mot Sverige og Nederland. Fekk ikkje til så mykje mot Spania, men eit godkjent mesterskap utan tvil. Det namnet som kjem til å vera på alle sine leppar i sommar.


Spiss: Lukas Podolski - Tyskland og Bayern Munchen

Ein av dei som har spelt bra på eit lag som aldri skulle vert i finala. Har imponert her i EM etter ein sørgjeleg sesong for Bayern.


Trenar: Slaven Bilic - Kroatia

Tidenes råaste trenar. I tilegg har han imponertande resultatar med Kroatia.



Benkslitarar:


Ginluigi Buffon - Italia og Juventus

Yuri Zhirkov - Russland og CSKA Moskva

Carlos Marchena - Spania og Valencia

Orlando Engelaar - Nederland og FC Twente

Rafel Van Der Vaart - Nederland og HSV

David Silva - Spania og Valencia

Roman Pavlyuchenko - Russland og Spartak Moskva


torsdag 26. juni 2008

Tenkte eg skulle vera litt patriotisk og visa fram litt av Bøe, min heimstad. Det startar her med eit bilete, så kjem det kanskje meir ved ein seinare høve.

torsdag 19. juni 2008

The rockboy

Her kjeme faktisk mitt fyrste innlegg som omhandlar fotball. Det innlegget vil eg gjeve til ære for den nye genrasjons fotballtrenarar.


Slaven Billic

På fritida spelar han i eit eit rockeband. Han er skilt og har ein 11 år gammel son. Ein heilt gjennomsnittleg mann. Hans fyrste trenar jobb er som landslagstrenar for Kroatia. Dei har han ført til toppen av europeisk fotball. På sine fyrste 23 kampar har han 17 seiarar, 4 uavjort og 2 tap. På sin glanstid som spelar, var han stopparkjempe på Everton. Det var på den tida man som stoppar i England berre trengte storleik og styrke.

mandag 16. juni 2008

- Gud elsker oss ikke fordi vi er verdifulle. Vi er verdifulle fordi Gud elsker oss.

Fulton John Sheen

mandag 9. juni 2008

- Det torde hända att livets enda mening är det att leva - och sedan dö.

Hjalmar Söderberg

torsdag 5. juni 2008

Sommaren

Eg kjenne sola varma opp. At stemninga vert litt lystigare. Folk vert rett og slett litt glade. Kanskje global oppvarming er ein bra ting. Som ein lykkepille fordelt utover folket. Vi for nyte det mens vi kan.

tirsdag 15. april 2008

Joda

Kan sei at eg er heilt tilbake til norsk modus no.

Har funnet ut at eg skal aldri bu på ein plass utan skog og sjø.

Politikk er både fasinerande og irriterande.

Jesus er det viktigaste.

Livet er godt.

torsdag 10. april 2008

Stjernene i det høge

"Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?"
Sal. 8,4-5

"Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss."
1.John. 4,9-12

søndag 30. mars 2008

"Jeg vil gi dere framtid og håp" (Jeremia 29,11)

onsdag 26. mars 2008

Under konstruksjon

Ein eller annan gang i den nærmaste framtid vil eg gjøre 
nokon forandringar på denne sida. Inntil det er fiksa er 
skivinga innstilt. 

onsdag 5. mars 2008

Bye Habibi

Siste dag paa vestbredden. Ved soloppgang i morgon, starter den lange reise som skal ende i Hurdal. Det startar i Jerusalem med siste shopping, foer det berer vidare til Jaffa der vi skal treffe jentene. Etter midtnatt ein gang skal vi til flyplassen. Etter mange avhoer og kroppsvisiteringar kan vi setja oss paa flyet som skal ta oss her i fraa. Eit kapittel er over og mykje har skjedd. Ting har forandret seg og nye tankar har komet inn. For a sei det som det vert sagt her "Habibi, I will miss you"

onsdag 27. februar 2008

Mørkemenn

"Sjikanerende henvendelser til folk man er uenig med, bidrar bare til å stemple kristenfolket som mørkemenn"

Kvifor kan ikkje kristne argumentere på ein sikkeleg måte? No tek eg og alle under ein kamp, fordi det er det som verte gjort av andre. Om ein kristen sender eit hatbrev til ein person han er ueing med, og eg veit ikkje heilt kor helst i bibelen han finn grunnlaget til å gjere noko slik, men av det vert alle kristne stemplet av.

Kommentaren ovenfor er hentet frå Vårt land.

http://www.vl.no/samfunn/article3377663.ece

Jeje

Under ti dagar til eg er tilbake i Noreg. Litt rart, men eg trur det skal verte bra. Mangel på innlegg her i det siste, men det får eg ta igjen når eg kjem tilbake til Noreg.

tirsdag 22. januar 2008

Den gode samaritan!

Samaria, den nordlige delen av det vi no kaller Vestbredden. Midt inne i Samaria ligger Nablus, bibelsk kjent som Sikem. Det var der Abraham vart lova landet han såg rundt seg av Gud for 4000år sidan.

Nablus er omringa av to fjell. På det eine fjellet ligge ein israelsk busetting, Elon Moreh. Det er ein av dei elste busettingane. På det andre fjellet ligge den elste busettinga. Og der er det ikkje jøder som bur der, men samaritanara.

Samaria byen som den verte kalt er eigentlig ikkje ein busettning. Sameritanarane har budt i samaria dei siste 2500 åra. Men no har dei vorte inngjerda og fått israelsk sjekkpunkt. Sjølv er innbyggjarane her imot både sjekkpunkter og sikringsgjerder.

Mens eg gjekk nedover gata gjekk det ein rar kjensle gjennom meg. Det var noko underleg her. Noko eg ikkje hadde opplevd sidan eg kom ned her. Det var ein slags fred over denne byen. Ein fred man ikkje finner ellers her.

På veg heim skulle vi gjennom Howarta, den nest største sjekkpunkte. Når vi kom ditt såg vi ei enorm kø. Tur guiden vår fant ut at vi kunne gå forbi der bilane kjørte for å sleppe køa. Vi gjekk bort til vakta, viste vårt norske pass og slapp enkelt gjennom. Mens vi gjekk forbi såg vi den lange køa på andre sida av gjerde. Studenter som skal heim etter å våre på universitetet. Menn som skal heim frå jobb. Alle må vente ein time om ikkje to på denne tida av dagen. Vi slapp med 2-3 minutt snakk med vaktane. Ein forskjellsbehandling som ikkje skulle vært lov.

Eit meir komplisert område skal man leite lenge etter.

tirsdag 15. januar 2008

Vinter

Det er kaldt her. Kalder enn Noreg jo. Kvifor? Palestinerne sjølv seier at det er den kaldaste vinteren her som dei kan huske. Å det er så klart den vinteren eg er her. Trudde aldri at eg skulle sitte her og ønske meg til ein varmare plass.

søndag 6. januar 2008

Eit nytt år!

Ei litt underlig, men særskild julefeiring på plassen der Jesus vart født. Ein plass der eg har vorte vant med å sjå berre muslimar. Ein dag i året går tusenvis av kristne palestinera rundt i gatene. Dei feira Jesus på ein måte som minne meg om norsk 17.mai. Feira at vår frelsar er født. Ein frelsar som kan gje dei fridomen som dei ellers manglar i livet. Ein fridom som ingen kan ta frå dei. Det vart sagt i Annapolis at det skal verte fred her innan slutten av dette nyet året. Eg har budd her i to månada no. Eg trur at den einaste fridomen dei kan få her er den dei feira i jula.

Forresten godt nyttår til alle der ute! Må Gud velsigne det nye året!