tirsdag 22. januar 2008

Den gode samaritan!

Samaria, den nordlige delen av det vi no kaller Vestbredden. Midt inne i Samaria ligger Nablus, bibelsk kjent som Sikem. Det var der Abraham vart lova landet han såg rundt seg av Gud for 4000år sidan.

Nablus er omringa av to fjell. På det eine fjellet ligge ein israelsk busetting, Elon Moreh. Det er ein av dei elste busettingane. På det andre fjellet ligge den elste busettinga. Og der er det ikkje jøder som bur der, men samaritanara.

Samaria byen som den verte kalt er eigentlig ikkje ein busettning. Sameritanarane har budt i samaria dei siste 2500 åra. Men no har dei vorte inngjerda og fått israelsk sjekkpunkt. Sjølv er innbyggjarane her imot både sjekkpunkter og sikringsgjerder.

Mens eg gjekk nedover gata gjekk det ein rar kjensle gjennom meg. Det var noko underleg her. Noko eg ikkje hadde opplevd sidan eg kom ned her. Det var ein slags fred over denne byen. Ein fred man ikkje finner ellers her.

På veg heim skulle vi gjennom Howarta, den nest største sjekkpunkte. Når vi kom ditt såg vi ei enorm kø. Tur guiden vår fant ut at vi kunne gå forbi der bilane kjørte for å sleppe køa. Vi gjekk bort til vakta, viste vårt norske pass og slapp enkelt gjennom. Mens vi gjekk forbi såg vi den lange køa på andre sida av gjerde. Studenter som skal heim etter å våre på universitetet. Menn som skal heim frå jobb. Alle må vente ein time om ikkje to på denne tida av dagen. Vi slapp med 2-3 minutt snakk med vaktane. Ein forskjellsbehandling som ikkje skulle vært lov.

Eit meir komplisert område skal man leite lenge etter.

Ingen kommentarer: