søndag 6. januar 2008

Eit nytt år!

Ei litt underlig, men særskild julefeiring på plassen der Jesus vart født. Ein plass der eg har vorte vant med å sjå berre muslimar. Ein dag i året går tusenvis av kristne palestinera rundt i gatene. Dei feira Jesus på ein måte som minne meg om norsk 17.mai. Feira at vår frelsar er født. Ein frelsar som kan gje dei fridomen som dei ellers manglar i livet. Ein fridom som ingen kan ta frå dei. Det vart sagt i Annapolis at det skal verte fred her innan slutten av dette nyet året. Eg har budd her i to månada no. Eg trur at den einaste fridomen dei kan få her er den dei feira i jula.

Forresten godt nyttår til alle der ute! Må Gud velsigne det nye året!

1 kommentar:

Anonym sa...

Kult bloggnavn.