fredag 17. april 2009

Den somaliske kystvakten!

- Når fisken er borte, tek vi kva anna havet gjev.

Ein somalisk fiskar, som nå har vorte pirat uttalte dette til BBC. Dei somlaiske sjørøvarane er barn av statsamanbruddet frå det tidlege 90-talet. Som følge av statsfraværet har kystbyane bygget sin eigen piratøkonomi. Tidlegare fiskarar, som ikkje kan fiske lengre fordi europeiske skip har dumpet giftig avfall langs kysten og trålet tom sjøen for fisk. Fyrst retta dei angrepa mot dei danske og spanske trålarane som fisket etter tunfisk langs kysten. Der utifrå namnet "den somaliske kystvakten."

Denne piratøkonomien betaler godt for seg. Etter eit par angrep har unge menn skaffet seg ein smuglerbillett til Europa. Det er guleroten for menn som er lei av krig og kaos i resten av landet.

Det eneste regimet som klarte og stoppe piratverksemda, var det islamistiske regimet som regjerte nokon månadar i 2006. Dette regimet vart styrtet av Etiopia, med støtte frå USA. USA støtter derimot sjølvstyreleiinga i Puntland med store sedler. Puntland er regionen som huser sjørøverane og dei viktigaste piratbyane ligger her. Så denne sjølvstyreleiinga som USA støtter verte vel også den Hilary nesten erklærte krig mot her om dagen. Dette minner meg litt om Midtausten på slutten av 80-talet då Israel støttet ein liten palestinsk organisasjon, med både penger og våpen, med namn Hamas. Skal tru om Israel angrer på det no?