onsdag 11. februar 2009

Organisering i alle ledd!

Det utrulege skjedde. Noreg vant ein fotballkamp. Og ikkje mot kven som helst heller nei. Vi slo Tyskland. Eit toppa tysk mannskap. Som skulle vinne på heimebane. Eg hadde trua på Drillo. Men at han skulle slå Tyskland i sin fyrste kamp, trudde eg ikkje. Organiseringa er tilbake. Noreg var betre enn Tyskland i alle ledd. Sjølvtiliten til gutta er tilbake. Dei trur dei kan vinne kamper att. Om dette er nok til å sende oss til vårt fyrste vm sidan sist Drillo var trenar gjenstår å sjå. Takk Drillo får at du har gjort det morsomt å sjå norske landskampar att.

tirsdag 3. februar 2009

Ein liten valgkommentar

Om ei veke er det valg i Israel. Og meningsmålingene viser at det kan verte ny regjering. Partiet som leiar på målingane er Likud. Ariel Sharon var leiaren deira, fram til han i 2005, trakk seg ut grunna ueinigheter om tilbaketrekking av bosettninger frå Gaza. Benjamin Netanyahu, som var imot tibaketrekkningen, vart valt til ny leiar.

Eit anna parti som viser framgang på målingane er Yisrael Beiteinu. Leiaren deira er Avigdor Lieberman. Han er tidlegare medlem av Likud, men når dei mista makta i 1993 så danna han partiet Yisrael Beitnu. Dette partiet er sterkt imot fredsforhandlingane med Palestina, og vart rasende når Israel sluttet krigen med Gaza. Han er for etninsk rensing i Israel og vil utvise alle Israelske araberarar.

Regjeringspartiene Kadima og Arbeiderparitet er dei partiene som går tilbake på målingane.