onsdag 11. februar 2009

Organisering i alle ledd!

Det utrulege skjedde. Noreg vant ein fotballkamp. Og ikkje mot kven som helst heller nei. Vi slo Tyskland. Eit toppa tysk mannskap. Som skulle vinne på heimebane. Eg hadde trua på Drillo. Men at han skulle slå Tyskland i sin fyrste kamp, trudde eg ikkje. Organiseringa er tilbake. Noreg var betre enn Tyskland i alle ledd. Sjølvtiliten til gutta er tilbake. Dei trur dei kan vinne kamper att. Om dette er nok til å sende oss til vårt fyrste vm sidan sist Drillo var trenar gjenstår å sjå. Takk Drillo får at du har gjort det morsomt å sjå norske landskampar att.

Ingen kommentarer: