fredag 22. desember 2006

God jul

Julen er her, og eg har endeleg to veke fri frå miletære. Skal også sei at eg berre har to veke igjen etter jul då, så dei det var på tide at eg fikk ferien no. Ellers står alt ganske så bra til, utan om at eg ikkje har fått den største julestemninga då. Men miletære var ikkje så villige til å gjere noko med den saka. Og når eg kom heim til strytregn og 7 grade ute, så kom den berre ikkje. Eg satsa på den kjem av andre grunnar. Men det eg ville var å ønske alle som leser dette ei fantastisk god jul, så må dykk ikkje gløyma kva vi feirar jul for.

Jesus vart født, for at vi skal få eit evig liv. Han vart født, levde, døde og sto opp att, alt for vår skyld. Takk han for nåden han har gitt oss.

Gud velsigne dykk alle saman.

Elias

mandag 4. desember 2006

Snart Jul!!!

Så var det faktisk desember, og jula nærmar seg med stormskritt. Med det nærma også dagen for dimmitering seg. To veke ut i januar skal frileiken endelig koma tilbake. At dette skal verte ei herleg jul er det ingen tvil om. Er satt litt tilbake for tida etter som eg fekk den fine domen, senebetenning i høgre kne. Med det og forsatt legghinnebetenning, så er det vorte lite med jogging og springing i siste. Gjekk forresten glipp av ein 15 km marsj i dag, det var kjedlig altså. Men forutan det går det meste bra her oppe, det meste ser så mykje lysare ut nå som jul og dimmetering nærma seg.

Skal få fram nokon bilder og litt fleire oppdateringa her, når eg kjem tilbake til normale med egen data og litt meir fritid (trur det verte litt for mykje av det til våren)

Så vi snakkes igjen seinare godtfolk :-)