mandag 16. april 2007

Skjebna

Er det noko du trur på? At alt så skjer i livet ditt har ei meining, eller er alt berre tilfeldig. Ei lita historie fekk meg til å tenke litt på det.

Ein sjømann var så uheldig at han skulle på skift når sonen skulle konformerast. Men rederiet var så velvillige at han kunne få ta skiftet sitt ombord i ein annan båt, slik at skiftet hans vart ferdig til konformasjonen til sonen. Konformasjonen nærmet seg, og mannen hadde berre ei veke igjen av skiftet sitt. Men så, under ei arbeidsulykke ombord i båten så døde mannen. Var det tilfeldig at han vart med på den båten, slik at han kom ut for denne ulykka. Eller var rett å slett hans tid inne.

Eg er ikkje så sikker på kva eg skal tru om det. Men eg veit at livet er no, og at eg må leve i nuet. For du veit aldri når det kan ta slutt. Eg vil ikkje at du skal gå rundt å tenke på at det kan være slutt no, men utsett ikkje til i morgen det du kan gjer i dag. Einaste oppfordringa eg har, er å lev livet, og gjer det beste ut av det. Gud er med deg alle dager.

tirsdag 3. april 2007

Bloggtikken

Regler:"Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon" (kopi frå Bjørnar)

Seks rare ting om meg sjølv, jeje.

1. Når eg gjekk på barneskulen var eg ganske vilder av meg. Eg og ein kompis klarte å vrake ein bil, nåkre småhytter og vi braut oss inn på barneskulen, for å nemne noko. Englebarnet som eg var, fekk eg aldri skulda for noko ;-)

2. Fotball har alltid våre ein lidenskap. Før eg begynte på skule kunne eg startelleveren til united på rams.

3. Eg har hatt utallige monge forskjellige hårsveiser opp gjennom tidene, mens verst var det på slutten av barneskulen når eg hadde midtskil av verste verste sort. Eg prøva forsatt å fortrenge det.

4. Med to eldre brødre, var det ikkje ein gutt til mamma håpa på når eg vart født. Det førte til at eg var tre og eit halvt år første gang eg klipte håret.

5. Har ein meget sterk lidenskap for reising, å då helst til sydlegare strøk. Første gang, utanfor skandinavia, var når eg var 13 år, og etter det har det blitt 10 forskjellige land, med fleire besøk i same land.

6. Min favoritt film, som kjent for monge, er Titanic. Og ja eg kan felle ei tåre når eg ser den.

Jeje, då har du kansje lært noko nytt om meg, for lese du dette har du faktisk gidda å lest det som står ovenfor her. Og sida alle he vårte "tikka" no så bryt eg reglane med å ikkje "gi" den vidare.