fredag 27. juni 2008

EM 2008


Ei kjensle du ikkje kan samanlikna med noko anna. 300 millionar menneskar ser på deg. Du løftar trofet som bevisar at du er europameistar. Det er 44 år sidan sist gong Spania løfta eit internasjonalt trofe. Etter eit meisterskap der dei var det beste laget, står dei att som vinnaren. Eit meisterskap som gitt oss underholdande og ikkje minst rettvendt angrepsfotball. Eit meisterskap som har våre eit stort pluss for fotballen. Så for vi håpe at det kan verte tatt vidare inn i den nye sensongen, så den kan gi oss underholdning vidare, mens vi ventar i spenning til VM i Sør-Afrika om 2 år.


Årets EM-lag utretta frå mitt synspunkt:

Dette laget verte spelande i ein offansiv 4-1-3-2 formasjon. Ballen skal gå ein veg, framover, i eit hurtig tempo. Angrep skal vera einaste forsvar.

Målmann: Iker Casillas - Spania og Real Madrid

Ein av grunnane til at Spania vant. Har heldt eit høgt nivå gjennom heile mesterskapet, og særskilt gjennom finalespelet der han slapp inn ingen mål.


Høgre bakmann: Jose Bosingwa - Portugal og Chelsea

Ein plass med fleire aktuelle kanditatar der Josa stakk av med plassen for framringande angrepspel i byrjinga av meisterskapet. Rauk diverre så alt for tideleg ut.


Midtstoppar: Pepe - Portugal og Real Madrid

Ein midtstoppar som heldt høg klasse under gruppespelet. Ein av dei beste midtstopparane i verda. Nivået hans, som resten av det portugisiske forsvaret, var labert mot Tysland.


Midtstoppar: Josip Simunic - Kroatia og Hertha Berlin

Spelte meget bra på eit lag som fortente å gå lengre enn det dei gjorde.


Venstre bakmann: Joan Capdevilla - Spania og Villareal

Den vanskelegast plassen å finne ut av. Tre spelarar har utmerket seg så godt at valet vart meget vanskeleg. Men sidan Spania vant EM, så falt valet på Joan som har gjennomført eit meget imponerande EM. Dei to andre kanditatane var Zhirkov og Van Bronckhorst.


Anker og EM beste spelar: Marcus Senna - Spania og Villareal

At Marcus aldri fekk spela for Brasil, forstår eg ikkje. Hovudgrunnen til at Spania har vunnet. Aldri ei feil passning, og ein defansiv trykkleik.


Høgre midtbane: Luka Modric - Kroatia og Tottenham

Ein av EMs beste spelarar. Umogeleg å ta frå han ballen. Fant alltid den rette pasninga. Ein draum å sjå på.


Sentral midtbane: Deco - Portugal og Barcelona

Ingen leggjar ei 60-meters pasning meir presist enn Deco. Å sjå han spela gjer det enkelt for meg å forstå kvifor eg forelska meg i denne sporten for så mange år sidan.


Venstre midtbane: Wesley Sneijder - Nederland og Real Madrid

Og berre for å gjer denne midtbana perfekt setter vi inn Wesley på venstrekanten. Mot Italia og Frankrike har eg nesten ikkje sett nokon spela så bra som Wesley. Han klarte diverre ikkje å halda det same nivået i kvartfinala mot Russland.


Spiss: Andrei Arshavin - Russland og Zenit St. Petersburg

Heldt eit anna nivå enn alle andre i sine to fyrste kampar mot Sverige og Nederland. Fekk ikkje til så mykje mot Spania, men eit godkjent mesterskap utan tvil. Det namnet som kjem til å vera på alle sine leppar i sommar.


Spiss: Lukas Podolski - Tyskland og Bayern Munchen

Ein av dei som har spelt bra på eit lag som aldri skulle vert i finala. Har imponert her i EM etter ein sørgjeleg sesong for Bayern.


Trenar: Slaven Bilic - Kroatia

Tidenes råaste trenar. I tilegg har han imponertande resultatar med Kroatia.



Benkslitarar:


Ginluigi Buffon - Italia og Juventus

Yuri Zhirkov - Russland og CSKA Moskva

Carlos Marchena - Spania og Valencia

Orlando Engelaar - Nederland og FC Twente

Rafel Van Der Vaart - Nederland og HSV

David Silva - Spania og Valencia

Roman Pavlyuchenko - Russland og Spartak Moskva


4 kommentarer:

Anonym sa...

javel. der satt den fotballeksperten.

hvor er fabregas?

Jan Tore sa...

Først og fremst må eg yttrykka glede over at du bruke "bakmann" i stedet for "back". Classy.

Må sei eg savne Xavi her. Han e som Fabregas, som alle skryte opp i skyene, bare bedre. Sprang mest i finalen. Men viss det e ein som e i nærheten så e det vel Deco...
Katastrofalt at Guardiola har satt han på transfer-listå.
Sterkt å få med Simunic. Han vinne seriøst alt i lufta. Og ovverraskande god langs bakken. Snasen type.

Trur dette laget hadde hevda seg i Tippeligaen.

Elias sa...

Geir: Fabregas mista plassen rett og slett fordi eg ikkje fekk plass til han. Kven ville du tatt ut for å få plass til han?

Jan Tore: Eg sakna Xavi og, men eg kunne ikkje godt god for eit lag utan Deco etter det han presterte i gruppespelet. Krise om han havna i Chelsea, kjeme til å øydeleggje seg heilt. Midtstopparparet var dei to klaraste, utan tvil. Kunne kanskje klart topp 3 i Tippeligaen.

hlewagastiR sa...

Modric hev for lite fart, iallfall for Premier League...