onsdag 14. november 2007

Yassir Arafat

I morgon er ein nasjonal fridag her i Palestina. Grunnen er at det er Palestinas frigjoringsdag. Som ein palestiner som flott sa det, "it's a joke". Men feira verte det, med tog og korps. På tirsdag var det tre år sidan Palestinas store ledar Yassir Arafat døde, og det er vel mest det han dei feira i morgon og. Han er forsatt ein stor favoritt blandt mange palestinera, sjølv om det kom ut at han hadde overført millionar av dollar fra internasjonal bistand og fra skattepengar palestinske selvstyremyndigheter hadde mottatt fra Israel til å kjøpe store mengder våpen og hans eiga formue vart i 2002 regna til å være 1,3 milliardar dollar. Pengar som palestinerne godt kunne trengt. Men folk meinar forsatt at han gjorde så mykje bra for å bygge opp landet og han er eit nasjonalt symbol for landet, at han verte halden for ein stor helt, mest blandt fatah delen av Palestina. Hamas vennlige utgjer den delen av befolkninga som ikkje var så posetive til Arafat og hans ledarstil.

Ingen kommentarer: