mandag 20. august 2007

Dag 1 på Gus!!!

Første dag på Gus(Gå ut senteret)!!! Spenninga står i taket. Første elev eg treff på, er Marta frå Framnes. Ho fortel at Helga og Elisabeth Fossli, også frå framnes, går her også. Då kjenner eg hvis nokon her likevel. Eg treff min nye romkamerat for dei neste månadane. John-Petter, ein nordlening frå Sortland. Etter kvart som eg vert litt kjend med han viser han seg til å være ein ganske hyggeleg fyr. Dag ein på Gusstartar med middag, den gode gamla internatmaten er tilbake. Etter det er det opningsfest. Der vert lærarar og elvar indroduserte. Det er 38 elevar i STK klassen(mi klasse), derav 8 gutar, og 30 jentar. Etter kvart som dagen går, for eg helst og snakka med monge frå klassen, det viser seg at det er greide folk som går på denne skulen. Etter ein veldig kort omvisning, og litt kaffimat, spelte vi volleyball. Nivået var ganske bra, men heldigvis ikkje for høgt. Etter volleyballen, samlet mitt internat seg, for kveldsmat. Vi fårbare middag på skulen, resten må vi stå for sjølve. Det bor 12 stykker på "hytta" vår, internatet. Derav 4 gutar i kjelleren og 8 jenter, i første og andre etasje. Etter kveldsmaten, tok vi et husmøte, der vi bestemte diverse ting. Etter husmøte spelte eg kort at med nokonandre.

Det var min første dag på Gus, og eg må seia at første inntrykket er ganske bra. Eg håpar på eit fint år, med mange fine oppplevningar.

Hei og hå

Ingen kommentarer: