tirsdag 25. desember 2007
Merry Christmas
onsdag 19. desember 2007
mandag 17. desember 2007
Pyramider, kameler og ein nattur på fjellet
Ei kort nattesøvn seinare, var vi fullgang på ein rundttur til pyramidene i Kairo. George som jobba på hostellet vårt, hadde skaffa oss ein taxi for heile dagen. Denne rundturen vart avslutta med kamelriding rundt Keos pyramida og Sfinksen. Ut på kvelden vart det middagscruise på Nilen. Det einaste positive ut av den, er at eg i ettertid kan sei at eg har våre på cruise nedover Nilen.
Neste dag var det på sightseeing i den koptiske\kristne delen av Kairo som stod på planen. Der var vi innom forsjellige kirker, blandt anna The Hanging church. Ei kirke som ikkje har noko fundament. Vi var og innom marknaden i kairo som er den elste i verden. Etter alt dette bar det til busstasjonen for å finne ein buss til Sinai. Der gjekk vi opp på Sinai fjellet der Moses fekk dei ti bud frå Gud. Vi gjekk opp om natta og fekk med oss soloppgangen. Når vi vi hadde klart å kome oss ned igjen derfrå var det på tide å kome seg heim igjen.
Eit råd frå Egypt. Alle som snakker til deg, vil ha penger frå deg.
onsdag 5. desember 2007
Ein annan kvardag.
Sitte på livingstone no, det har vore eit møte av ein eller annan sort. Sjefen min stod jaffall fram og sa eit eller anna. På arabisk som vanleg. Forstod mykje av det ja.
mandag 26. november 2007
Framtida vil vise
onsdag 14. november 2007
Yassir Arafat

torsdag 8. november 2007
Skjera?
lørdag 3. november 2007
torsdag 1. november 2007
Sababa
Opplevingar:
- Har plukka oliven.
- Har hatt dramakurs.
- Har ligget i dødehavet.
- Har møtt Max Mekker i egen person.
- Har våre på konsert med palestinske rappara.
Har lært at man må være fleksibel for det meste. Får du vite kva du skal gjer før du skal gjer det er du heldig. Livet er digg, og det er Palestina også.
mandag 22. oktober 2007
Salam

- Vi har møtt dei annsatte i PBS, og fått våre med på staff-møte. Det vart snakka ein del om Rami, og dei andre på Gaza. Det gav eit sterkt inntrykk.


Salam
lørdag 20. oktober 2007
Og eventyret har starta!
Nokon nye innføringar her på bloggen:
Kofferten: Glad for å være framme i Israel, har venta lenge på dette. Begynt å gå opp for meg kor lenge vi faktisk skal være her. Alt til no, berre posetivt. Har de altså ganske bra.
Opplevingar: - Har hatt ein long flytur (alle andre team har lenger men)
- Møtte ei trivleg gamal dame på flyet.
- Kom gjennom sikkerhetskontrollen i Israel uten å sei eit ord.
Forventingar: - Mange
Bønneemner: - Teamet vårt her i Israel.
- Alle andre teamane som har eller skal reise ut.
- Familien til Rami som forsatt har det tungt.
Gud velsigne deg!
mandag 15. oktober 2007
mandag 8. oktober 2007
onsdag 26. september 2007
Bibelord
6 Vi vet at vårt gamle menneske ble korsfestet med ham, for at den kroppen som er underlagt synden, skulle gjøres til intet, og vi ikke lenger skulle være slaver under synden. 7 For den som er død, er befridd fra synden. 8 Er vi døde med Kristus, tror vi at vi også skal leve med ham. 9 Vi vet jo at når Kristus er oppreist fra de døde, så dør han ikke mer; døden har ikke lenger makt over ham. 10 For døden han døde, den døde han for synden, én gang for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. 11 På samme måte skal dere regne dere som døde for synden, men som levende for Gud i Kristus Jesus.
Rom 6,6–11
Kristne er blitt "ett" med kristus ved å dele hans død og oppstandelse. Dåpen, å gå ned i vannet, innebærer at det gamle livet er dødt og begravet. Vi kommer opp av vannet for å begynne et nytt liv. Tidligere var vi døde for Gud, nå lever vi for Gud. Syndens jerngrep er brutt. Vi må leve med denne nye friheten for øye (V. 10-11)
(Uttrag frå Biblex)
mandag 17. september 2007
Å gjøre søppeljobben for Gud
Utrag frå artikkelen:
– Du var utstyrt med ropert og en fane som forkynte at de homofile går til helvete under homoparaden. Hvorfor har du en såpass konfronterende og, i manges øyne, provoserende fremgangsmåte?
– Det er fordi jeg ønsker å kalle ting med det rette navnet. Ingen tør lenger å kalle noe for synd. Alt er så politisk korrekt, sier Keseljevic, som sier han ikke representerer noe kirkesamfunn og ikke er medlem av noe menighet.
– Hvorfor reiser du rundt på denne måten?
– Jeg opplever det som en kall og en byrde. Jeg tar søppeljobben og gjør det som er mest upopulært. Det er noen kampsoner hvor man må holde barrikadene, men det er ikke noe jeg gjør med lett hjerte. Det er en plikt som Herren har lagt på meg. Men hvor er resten av kristenfolket, spør han.
Og kvar er resten av kristenfolket. Sitte heime og fordømme Petar, fordi han stiller kristne i eit dårleg lys. Eller sitter dei å sei at det er bra at nokon står fram mot dette, men det må være nokon andre enn meg sjølv. Ville du ha gått ut og sagt til dei at dei leve eit liv i synd, og kjem til å mista Guds rike hvis dei ikkje forandrar seg? Eller meinar du at nokon andre skal gjer søppeljobben?
torsdag 13. september 2007
Ein reise til framtida!

tirsdag 4. september 2007
Hogg og Svett
mandag 3. september 2007
Israelsfolket

fredag 31. august 2007
Israel/Palestina


På bilete ser du Tel Aviv, som ligg ved vestkysten til Middelhavet. Byen har 380 000 innbyggjara, av desse 96,1 % jødar, mens 3,9 er arabara. Med subområdane er Tel Aviv det området i verden med flest jødar, 2,5 mill, New York har 1,4 mill.

Bir Zeit ligger rett utanfor Ramallah. Bir Zeit betyr "olivenoljebrønnen". Det er ein studentby, med 6600 innbyggjara. På bilete over ser du eit bakeri frå Bir Zeit.
I ein av disse byane skal eg då bu i 5 månada. Det verte ei spennande tid, som ligg i Guds hender.
For meir info om Israel.
For meir info om Palestina.
"Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn." Sal.37,5
lørdag 25. august 2007
Dag 6
torsdag 23. august 2007
Dag 5
I dag hadde vi vår første team-samling. Kjem til å verte godt kjente me teamet til slutt. I teamet mitt er Jan frå Nord-møre, Geir frå sørlandet, Marta frå Framnes og Mary frå Sørlandet. Virka som ein god gjeng så skal verte kjekt å verte kjent med. Kjenner Marta litt frå før av, men verte nok kjent på ein anna måte her, så det verte kjekt. I kveld skal vi ha ein fellessamling, så vi kan verte betre kjent.Vi skal ned på stranda å grille, bade og "koza" oss.
Hei og hå
Dag 4
Enda ein dag på Gus er over. I dag hadde vi vår fyrste undervisningstime, vi hadde om livshistorie. Var litt godt kome i gang med nokoanna ein info. Ellers ein roleg skoledag. Etter middag var det volleyball, vorte ein del volleyballspeling er, og det er glad for.Herleg å kjenne at du har brukt kroppen. Så klokka 7 var det landskamp. Vi hadde tenkt å køyre inn til Oslo for å sjå kampen live, mendet vart det ingenting av. Så vi samla oss ein stor gjeng og såg kampen på "hytta" vår. Vi har ingen stor tv, men ein god sofa. Etterkampen var det kveldsmat, med nystekta scones, vi var tomme for brød, og eggerøre. Ein ny dag er over, og ein ny dag er på vei.
Hei og hå
Dag 3
Hei og hå
mandag 20. august 2007
Dag 2
Dag 2 har netopp starta. Eg sto opp, overraskande ikkje så veldig trøytt, klokka 8. I dag er første skoledag. Det verte litt rart å være tilbake på skulebenken igjen. No venta eg på at nokon andre på internatet kan lage til frokosten.
Min førsteskoledag på over eit år er over. Det var ein grei dag, som starta med info og andakt for heile skolen, ei slags morgensamling,som varte litt lengre enn dei gjorde på framnes. Etter på laga vi eit collage(klipp og lim-bilete) om oss sjølve, og framførte det. Såhadde vi ein gymtime til slutt. Eg var ikkje med på den for eg skulle til butikken og handle inn mat for "hytta" vår. Om nemnt før skalvi lage frokost, lunsj og kveldsmat sjølv. Og i helgane, skal vi lage all mat. Eg kom tilbake når siste time var slutt. Etter siste time er det middag med ein gang(klokka er då 3). No sitt eg på dataen og skriv dette, så meir info om mitt liv kjem eg tilbake til seinare.
Hei og hå
Dag 1 på Gus!!!
Det var min første dag på Gus, og eg må seia at første inntrykket er ganske bra. Eg håpar på eit fint år, med mange fine oppplevningar.
Hei og hå
mandag 16. april 2007
Skjebna
Ein sjømann var så uheldig at han skulle på skift når sonen skulle konformerast. Men rederiet var så velvillige at han kunne få ta skiftet sitt ombord i ein annan båt, slik at skiftet hans vart ferdig til konformasjonen til sonen. Konformasjonen nærmet seg, og mannen hadde berre ei veke igjen av skiftet sitt. Men så, under ei arbeidsulykke ombord i båten så døde mannen. Var det tilfeldig at han vart med på den båten, slik at han kom ut for denne ulykka. Eller var rett å slett hans tid inne.
Eg er ikkje så sikker på kva eg skal tru om det. Men eg veit at livet er no, og at eg må leve i nuet. For du veit aldri når det kan ta slutt. Eg vil ikkje at du skal gå rundt å tenke på at det kan være slutt no, men utsett ikkje til i morgen det du kan gjer i dag. Einaste oppfordringa eg har, er å lev livet, og gjer det beste ut av det. Gud er med deg alle dager.
tirsdag 3. april 2007
Bloggtikken
Seks rare ting om meg sjølv, jeje.
1. Når eg gjekk på barneskulen var eg ganske vilder av meg. Eg og ein kompis klarte å vrake ein bil, nåkre småhytter og vi braut oss inn på barneskulen, for å nemne noko. Englebarnet som eg var, fekk eg aldri skulda for noko ;-)
2. Fotball har alltid våre ein lidenskap. Før eg begynte på skule kunne eg startelleveren til united på rams.
3. Eg har hatt utallige monge forskjellige hårsveiser opp gjennom tidene, mens verst var det på slutten av barneskulen når eg hadde midtskil av verste verste sort. Eg prøva forsatt å fortrenge det.
4. Med to eldre brødre, var det ikkje ein gutt til mamma håpa på når eg vart født. Det førte til at eg var tre og eit halvt år første gang eg klipte håret.
5. Har ein meget sterk lidenskap for reising, å då helst til sydlegare strøk. Første gang, utanfor skandinavia, var når eg var 13 år, og etter det har det blitt 10 forskjellige land, med fleire besøk i same land.
6. Min favoritt film, som kjent for monge, er Titanic. Og ja eg kan felle ei tåre når eg ser den.
Jeje, då har du kansje lært noko nytt om meg, for lese du dette har du faktisk gidda å lest det som står ovenfor her. Og sida alle he vårte "tikka" no så bryt eg reglane med å ikkje "gi" den vidare.
lørdag 13. januar 2007
Et nytt år er komet.
Vi snakkast folkens.