onsdag 11. februar 2009

Organisering i alle ledd!

Det utrulege skjedde. Noreg vant ein fotballkamp. Og ikkje mot kven som helst heller nei. Vi slo Tyskland. Eit toppa tysk mannskap. Som skulle vinne på heimebane. Eg hadde trua på Drillo. Men at han skulle slå Tyskland i sin fyrste kamp, trudde eg ikkje. Organiseringa er tilbake. Noreg var betre enn Tyskland i alle ledd. Sjølvtiliten til gutta er tilbake. Dei trur dei kan vinne kamper att. Om dette er nok til å sende oss til vårt fyrste vm sidan sist Drillo var trenar gjenstår å sjå. Takk Drillo får at du har gjort det morsomt å sjå norske landskampar att.

tirsdag 3. februar 2009

Ein liten valgkommentar

Om ei veke er det valg i Israel. Og meningsmålingene viser at det kan verte ny regjering. Partiet som leiar på målingane er Likud. Ariel Sharon var leiaren deira, fram til han i 2005, trakk seg ut grunna ueinigheter om tilbaketrekking av bosettninger frå Gaza. Benjamin Netanyahu, som var imot tibaketrekkningen, vart valt til ny leiar.

Eit anna parti som viser framgang på målingane er Yisrael Beiteinu. Leiaren deira er Avigdor Lieberman. Han er tidlegare medlem av Likud, men når dei mista makta i 1993 så danna han partiet Yisrael Beitnu. Dette partiet er sterkt imot fredsforhandlingane med Palestina, og vart rasende når Israel sluttet krigen med Gaza. Han er for etninsk rensing i Israel og vil utvise alle Israelske araberarar.

Regjeringspartiene Kadima og Arbeiderparitet er dei partiene som går tilbake på målingane.

lørdag 31. januar 2009

Vår fantastiske statsminister

I går oppfordret han bansksjefene her i landet til å fryse lønningene sine. I dag var det snakk om hans eigen lønnsjekk. Då ville han ikkje høyre noko om det. Vi kan jo ikkje forvente at han skal kunne leve med ei stakkarslig årslønn på berre 1,27 millionar kr.

torsdag 29. januar 2009

-Toppen av uansvarlighet

Barack Obama klager på finanstoppene sine bonus utbetalingar. 18,4 milliarder dollar vart betalt ut i 2008. Det er bra at finanskrisa ikkje raker dei.

Her i landet har banktoppene sagt seg villig til å fryse lønnen sin. Stakkarsane tente berre mellom 5 og 15 millionar i fjor. Og det må dei klare seg med i år og.

Ellers har dagbladet funnet ut korleis Snåsamannen virker. Så bra for dei.

Derfor virker Snåsamannen

lørdag 24. januar 2009

Gud - utan fordelar!

Ville ein mann heldt fast ved trua når eitkvart egoistisk motiv er rykket vekk? Satan veddet mot Gud at "han vil spotte deg beint opp i andletet." Han tapar.

Kva gjer at Job heldt fast ved trua? Han har mistet alt han hadde, sønene og døtrene hans døde. Han ropte ut i fortviling til Gud

Gjev han ville latt meg vera, så eg kunne fått litt glede før eg går bort til det kolmørke landet, som eg aldri att ifrå: eit land så svart som natta, der mørker og ugreie rår, og ljoset er mørkt som natta. 10. 20-22

Det han får ut av sitt forhold med Gud er liding. Han ber Gud halde seg borte frå han så han kunne få litt glede, før han gjekk inn i den mørke æva. Kvifor heldt Job forsett fast på Gud?

Ville du heldt fast ved di tru det den ville gje deg var liding her på jorda, før du går vidare i ei æve der mørke og ugreie rår, og ljoset er mørkt som natta?