mandag 3. september 2007

Israelsfolket

Dette er då gjengen som skal til Israel og Palestina den 19.okt. Jan, Geir, Meg sjølv, Mary og Marta. Ein bra gjeng som eg sikkert kan sei litt meir om i byrijnga av mars. Då har vi vært i Israel og Palestina saman i 5 månadar, og lært kvarandre kjenne på både godt og vondt. Vi har starta team-buildinga allereie, og bilete over (som er tatt av Marta Sortland), er frå vår overnattningstur opp ved Høversjøen. Vil du vite meir om turen eller sjå fleire bilete .

fredag 31. august 2007

Israel/Palestina

No trur du vel at dette er eit politisk innlegg med drøftingar og alt mogleg rot. Då kjenne ikkje du meg så godt. Eg ville berre skriva litt om landa eg skal til om under to månada. Eg skal då til Israel og Palestina. Vi har ikkje fått vite så mykje om kva vi skal gjera der, men vi skal bu enten i Tel Aviv(Israel) eller i Bir Zeit(Palestina).

På bilete ser du Tel Aviv, som ligg ved vestkysten til Middelhavet. Byen har 380 000 innbyggjara, av desse 96,1 % jødar, mens 3,9 er arabara. Med subområdane er Tel Aviv det området i verden med flest jødar, 2,5 mill, New York har 1,4 mill.


Bir Zeit ligger rett utanfor Ramallah. Bir Zeit betyr "olivenoljebrønnen". Det er ein studentby, med 6600 innbyggjara. På bilete over ser du eit bakeri frå Bir Zeit.

I ein av disse byane skal eg då bu i 5 månada. Det verte ei spennande tid, som ligg i Guds hender.

For meir info om Israel.

For meir info om Palestina.

Bilete frå Israel.

"Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn." Sal.37,5

lørdag 25. august 2007

Dag 6

Vår siste skuledag den første veka på gus. I dag hadde vi om andakt. Visste dykk at andakt kjem frå det tyske ordet antenken, som betyr ettertanke. Etter ei veke her, trur ejg at eg kan sei med sikkerheit at eg har tatt det rette valget, med å begynne her. Eg lærar å kjenne meg sjølv på ein my måte, og eg lærar å kjenne mitt forhold til Gud på ein ny måte. Ei flotte veke her, er slutt, men det er forsatt mykje igjen, og eg har forsatt mykje å lære.

torsdag 23. august 2007

Dag 5

I dag hadde vi vår første team-samling. Kjem til å verte godt kjente me teamet til slutt. I teamet mitt er Jan frå Nord-møre, Geir frå sørlandet, Marta frå Framnes og Mary frå Sørlandet. Virka som ein god gjeng så skal verte kjekt å verte kjent med. Kjenner Marta litt frå før av, men verte nok kjent på ein anna måte her, så det verte kjekt. I kveld skal vi ha ein fellessamling, så vi kan verte betre kjent.Vi skal ned på stranda å grille, bade og "koza" oss.

Hei og hå

Dag 4

Enda ein dag på Gus er over. I dag hadde vi vår fyrste undervisningstime, vi hadde om livshistorie. Var litt godt kome i gang med nokoanna ein info. Ellers ein roleg skoledag. Etter middag var det volleyball, vorte ein del volleyballspeling er, og det er glad for.Herleg å kjenne at du har brukt kroppen. Så klokka 7 var det landskamp. Vi hadde tenkt å køyre inn til Oslo for å sjå kampen live, mendet vart det ingenting av. Så vi samla oss ein stor gjeng og såg kampen på "hytta" vår. Vi har ingen stor tv, men ein god sofa. Etterkampen var det kveldsmat, med nystekta scones, vi var tomme for brød, og eggerøre. Ein ny dag er over, og ein ny dag er på vei.

Hei og hå