tirsdag 4. november 2008

Den neste President i USA

I dag går folket i USA til urnene. Valet står mellom Barack Obama eller John McCain.

- Den eine er ein afroamerikaner, den andre er ein krigsfange frå Vietnam.
- Den eine er ein av dei yngste, den andre er den elste.
- For begge er sannsynet stort at dei kan dø.

Dette har ingenting å sei for kven man veljer.

Unnsett kven som vert valt, vil det verte ei forandring for det styre som leiar no. Så stor forandring det kan verte med ein ny president.

Eg må sei for min eigen del så er dette eit ganske greitt val, for eg kan godt sjå for meg begge to som president. Trur det går mot beire tider der borte over havet.

tirsdag 14. oktober 2008

Noa's sju lover

1. Plikten til å opprette et rettssystem.
2. Forbod mot blasfemi og å vitne falskt.

3. Forbod mot avgudsdyrking.
4. Forbod for incest og andre seksuelle brotsverk.
5. Forbod mot å ta liv.

6. Forbod mot tjuveri.

7. Forbod mot å ete kjøt skåret frå levande dyr.


Følgjer du desse sju lovane så vil du i følgje jødedomen endå opp i himmelen.

søndag 12. oktober 2008

Yom Kippur














Den jødiske forsoningsdagen. På kippur skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for synda, får ein tilgjeving. På høgtidsdagen faster man og alle jødar over 13 år er pålagde å faste. Ingen mat og drikke frå solnedgang, dagen før til det er mørkt på sjølve dagen. Dagen går i bønn og ei messe i synagogen.

På bilete du ein Jøde som svinger ein kylling over hoda til to gutter. Det vert gjort som innledning til Yom Kippur

onsdag 1. oktober 2008

Dei ti Bod

For bloggarar.

Liknar litt på dei gode gamle boda. Kontekstualisert inn i vår dataverd. Er dette ein skjult agenda for å få dei ti bod på dagsorden att. Bra jobba.

1. Du skal ikkje setja bloggen over din integritet.
2. Du skal ikkje gjere bloggen til eit idol.
3. Du skal ikkje misbruke ditt alias ved å bruke din anonymitet til å synde.
4. Du skal huske sabbatsdagen ved å ta fri frå bloggen ein dag i veka.
5. Vis høgare vørdnad for dine bloggkollegarar enn for deg sjølv og blås ikkje opp deiras feil.
6. Du skal ikkje drepe nokons ære, rykte eller kjensler.
7. Du skal ikkje bruke nettet til å begå eller tillate ekteskapsbrudd i din fantasi.
8. Du skal ikkje stjela ein anna persons innhold.
9. Du skal ikkje lyge om dine bloggvennar.
10. Du skal ikkje visa lyst etter din nestes besøksstatistikk; vær fornøyd med ditt eige innhold.

PS. Desse boda er utvikla av Den Evangeliske Allianse i Storbritannia


tirsdag 23. september 2008

Ny lære

"SEX er en viktig del av livet for de aller fleste. Seksuell kontakt med et annet menneske gir gode opplevelser enten vedkommende er av motsatt kjønn eller ikke. Både hetrofile og homofile mennesker har sex med hverandrefor å nyte kjærligheten til et annet menneske. Undersøkelser viser at veldig mange gutter i løpet av livet har sex med en annen gutt og at jenter ofte har sex med jenter" ... "Har du noen gang lurt på hvordan lesbiske jenter har sex? Ta en vanlig samleiescene i en romantisk film, trekk frå en pe*** og legg til et sett pu***."

Frå brosjyre produsert av LLH Buskerud, betalt med skattepengar via Barne- og Likestillingsdepartementet.

Dette er den nye sekuallundervisninga i dei norske skulane.